Ingeborg Refling Hagens antinazistiske pedagogikk
Ingeborg Refling Hagen sin anti-nazistiske pedagogikk
Da Ingeborg Refling Hagen skulle kjempe mot nazismen laga ho mellom anna fest på henrik wergelands fødselsdag
Dersom eg skulle karakterisere Ingeborg Refling Hagen som person, etter 38 års nært kjennskap til vedkomande, ville eg seia at ho var sterk og levande, full av energi og medmenneskeleg varme, ærbødig overfor medmennesket, flink til å lytte om så medmenneskets problem var aldri så velkjende, og samstundes full av humor og festglede, intensitet og viljestyrke. Når eg så har sagt det, oppdagar eg at folk ikkje på noko vis kan oppfatte mennesket ut frå dette. Vår stakkarslege tid kan jo m.a. ikkje tenkje seg fest utan alkohol, og alkohol var bannlyst hos Ingeborg. Festane hennar var likefullt unikum av fest, eg hugsar dei eg opplevde som ein uendeleg rikdom på fargar, varme, lykkeleg og trygg stemning, sprudlande liv.
Nei, det er nok ikkje enkelt å gje eit skikkeleg bilete av personen Ingeborg Refling Hagen. Heller ikkje å forklare kva det var som gjorde henne til det ho var. I tillegg til at ho jo hadde evner langt utover det vanlege, vil eg peike på følgjande sider ved bakgrunnen hennar:
1. Mor hennar hadde stor opplevingsevne, og det ho tok ungane med på og det ho formidla, vart store opplevingar for ungane. Ingeborg kunne skildre ei oppleving av vannliljer frå ho var lita – og måten ho gjorde det på, kunne nærmast illustrere eit pedagogisk postulat ho ofte kom med: «Vegen til det etiske går for barnet gjennom det estetiske».
2. Foreldra var ikkje rike på gods og gull, men dyktige og ærlege arbeidsfolk. Ingeborg fekk arbeidsglede inn «gjennom sidebeina». Da faren døydde og Ingeborg fekk oppleva den urettferdige framferda mot enkjer og farlause, vart det til at ho «vakna» sosialt sett, og medkjensle med dei «små» i samfunnet og den intense viljen til å ta vare på demokratiet hang saman med det.
3. Ingeborg møtte folkeleg forteljetradisjon gjennom bestemora. Denne bestemora formidla også ei intellektuell forståing av eventyra. Ho som sjølv var forteljar, kunne seia etter at ho var ferdig med å fortelja: Nå må du skjønne hva dette betyr.
4. Den Bibelkunnskapen Ingeborg fekk, var prega av Skrefsruds store forståing for det språklege uttrykkjet.
Spørsmål om nazismen
Ein gong i unge år hadde eg funni ut at eg ville lære meir om nazismen. Ein lærar på gymnaset påstod at den var «kommunismen i sin ytterste konsekvens». Ettersom eg hadde lesi nok soge til å vita at industriherrane i Tyskland støtta Hitler, fekk eg her problem med å setja dette saman. Eg hadde også fått lære om kommunismen i dei fyrste kristne samfunna, og dette gjekk ikkje på noko vis ihop.
Da eg så fann fram til det som den gongen var nyare forsking om saka, oppdaga eg at ein del marxistisk prega historikarar utropte nazismen til å vera reaksjon på sosialismen – altså noko som politisk sett var diametralt motsett av sosialisme. Men det var heller ikkje alle utslag av det som vart sagt å vera sosialisme som verka så diametralt motsett – m.a. hende det at ein kunne møte aggresjon mot kultur også blant dei som sa seg å vera sosialistar. Det var jo elles eit typisk nazistisk trekk.
Til slutt gjekk eg oppgitt til den eg visste hadde sett faren ved nazismen alt før den kom til Noreg. Eg stelte meg opp framfor stolen der Ingeborg Refling Hagen sat og laga blomar til 17. juni-toget og spurde: Kva slag politisk program kom nazistane med? Kva slag politisk retning var dette eigenleg?
Ingeborg rota etter meir krepp-papir i meisen ved sida av seg og svara stutt at det var ikkje noko politisk program – – – «Men noko måtte dei ha å føre i marka,» sa eg, som hadde forlest meg på marxist-prega historieskriving og ville ha alt i logiske og oversiktlege bolkar.
Da greip Ingeborg til skodespelarevna si. Andletet endra seg, ho sette opp ei olm maske, laga auga ville, knytta neven, strekte han i veret og sa dramatisk, med volumauke for kvart ord: «Jeg –vil – ha MAKT!»
Så vart ho med eit trylleslag den same gamle gode Ingeborg att og la tørt til: Det var alt.
Eg gjekk frå henne med nye perspektiv på mine undersøkjingar om nazismen. Og med nye spørsmål: Kva går det av folk som følgjer ein førar som opent vedstår seg at alt han traktar etter er makt? Veit vi ikkje frå oss sjølve at makttrongen er det motsette av eit utvikla sjeleliv, det motsette av ein sunn personlegdom?
Spørsmål – men ikkje støtt gode svar
I dei vel tretti åra som har gått sidan eg fann ut at eg måtte arbeide med spørsmålet: kva er nazisme, og kva har han rot i? har det vori mange som har vori innom same problemstilling. Og ettersom kunnskapsmengda i samfunnet er heller varierande, og ettersom forteljingane frå krigen stundom har blitt undertrykt, har mange teoriar fått eit farleg og lagnadstungt preg av det lettvinne. Det har blitt mange meir eller mindre fjollete forklaringar på nazismen. Noko av det dummaste eg veit, er når folk som har levd opp i våre dagars skulesamfunn med merkeklede og ymse slag ytre signal på «gjengtilhørighet», når dei utropar visse kjæledyr til å vera teikn på nazisme – – -Eller arresterer visse ord og uttrykk som nazistane også brukte, men som dei ikkje hadde anna forhold til enn at dei brukte det som reklameplakat og agn. – Eller når dei bannlyser alt prat om raseskilnader. Raseskilnader eksisterer jo, ein motarbeider ikkje rasismen ved å ikkje «vita» det! Om vi møter ein neger, ser vi at han ikkje er japanar. Det er faktisk uhyre enkelt. Men i dagens samfunn risikerer ein å bli utropt til rasist dersom ein prøver å setja ord på det som gjer at ein veit at negeren ikkje tilhøyrer den mongolske rasen. Og når gamle leksika med stort gravalvor tek på seg å definere raseskilnader, dreg enkelte dette fram og seier at vi må «bevisstgjøre oss om vår norske rasisme».
Problemet er at ein ikkje på noko vis kan slåst mot rasisme med å undertrykkje openberre fakta. Ein neger er ein neger, ein av den mongolske rasen er av den mongolske rasen. Punktum. Dette er dagklare fakta som vi må kunne respektere og tala om. Ein kjem ikkje eit steg nærmare å slåst mot dem samfunnssjukdomen som heiter nazisme ved å låse for den slags.
Men når eg sit her tretti år etterpå og tenkjer tilbake, så veit eg ei som ikkje berre kunne karakterisere dei leiande nazistane med eit raskt skodespelargrep, eg veit også ei som slost mot nazismen. Ikkje berre med sine eigne diktverk, ikkje berre på politisk vis, men på alle frontar og også med dei mest overraskande trekk.
Ein lys junidag
Lat oss no tenkje oss ein bilist som køyrer nordover mot Hamar på gamlevegen ein lys dag i juni – kanskje ein gong mellom 1970 – 80. Nett som han kjem over jernbanebrua, skimtar han noko lyst nede i svingen, og sakkar på farta, og der må han stoppe heilt, for rett mot han kjem det eit underleg tog: Kvinner i lange kjolar i ulike lyse fargar, med eit slags dekorert papp-diadem på hovudet og med store greiner av papirblomar i handa. Fremst går det ei som ber ei stor korg. Og han ser på munnen deira at dei syng, dei sig nærmare, og han ser at etter kvart som toget går, kjem det stendig nye kjolar, nye fargar, nye blomar – – –
Eg har gått i 17. juni toget sjølv, og eg veit at det var ikkje så få bilistar som måtte stoppe, som rulla ned bilglaset og titta ut og tøygde halsen for å få med seg mest mogleg. Tru kor mange av dei som skjøna at dette var å rekne for krosstog mot nazismen?
Men det var nettopp det det var.
Når eg no i ettertid sit og tenkjer på det, tenkjer eg på dei gongene i livet da to heilt ulike fenomen kan sjå like ut på overflata. Her var det da endeleg eit tilfelle da to ulike fenomen hadde totalt ulikt uttrykk: Samanlikn bilete frå Hitlers militærparadar,- dei mange like menneska med svartglinsande hjelmar – samanlikn dei bileta med Ingeborgs 17. juni tog! 17. juni var ei openberring av venleik, og det vakre bygde nettopp på at fargar og former var stendig skiftande. Det låg lys glans over det heile.
Motstand mot fascisme og nazisme også før andre verdskrigen
Da Ingeborg var ung, trefte ho diktaren Hans E. Kinck, ein mann som kjende godt til Italia. I sjølvbiografien fortel ho om eit møte som nok sat ekstra godt fast i minnet – det var da han tala om den ulvetida Italia gjekk i møte. Det Ingeborg Refling Hagen refererer til her, er ikkje datert, vi veit berre at ettersom Hans E. Kinck døydde i 1926, har det vori før den tid. Han hadde for øvrig alt i 1890 gjevi ut ei novelle som ettertida opplever som litt av ein spådom om framtida i Italia. Ikkje rart at han tidleg reagerte mot fascismen.
» – – – det er Italias åndsliv som har åpnet mulighetene. Den store litteratur ties i hjel, eller utlees og lammes, gjøres helt ufarlig. Folket egges til voldshandlinger. – – – Avisene er fulle av skjellsord mot alt som stort og verdig er, og resultatet uteblir ikke. Etter et «pst -ta’n» på et folkemøte, springer en gymnasiast fram og setter en fyrstikk til. Vold og råskap er resultatet av denne tankegangen. Italia går uår i møte som aldri før. Og denne føreren har massen med seg, alle de mindreverdige, alle de mislykte. Nå endelig har man bruk for dem som det før var kastet vrak på. – – – «
Da nazismen kom fram på arenaen, var Hans E. Kinck død, men korkje Ingeborg eller andre av dei politisk engasjerte kunne tvile om at dette var same ulla. Og det Ingeborg merka seg raskt, var jødehatet i nazismen. Dermed greip ho til Wergeland. Like før andre verdskrigen, hadde folk byrja bli såpass redde for det som kom, at dei faktisk fekk «fridag og flaggdag» 17. juni 1939.
Det pedagogiske innhaldet låg også klart i dagen. Ingeborg formulerer det slik i biografien sin: «Nå måtte hvert eneste barn i Norges land lære at vi var landet som slettet den skammelige jødeparagrafen fra vår grunnlov.»
Legg merke til kor pedagogisk genialt dette var. I staden for å rakke ned på folks nasjonale æreskjensle, drog ho fram noko av det vi verkeleg kunne vera byrge over. Dei skulle bli stolte av landet sitt avdi det hadde slettet den skammelige jødeparagrafen.
Wergeland sjølv var jo ein ypperleg motvekt mot Hitler. Ikkje minst avdi han var av dei som hadde bygd opp norsk nasjonalkjensle. Nazistane kunne ikkje koma hit og fylle eit nasjonalt tomrom. Den norske nasjonalkjensla var der – og var av eit slag som måtte reagere mot nazismen. Der stod Hitler og brølte om at Tyskland hadde mist æra si – for ingen land var lenger redde for Tyskland når det låg der svinebunde etter Versaillestraktaten –
Så hadde Wergeland sagt: Det land som eier frihet, har ære nok. Eit sterkare ord når det galdt å setja Hitlers æreshysteri i relieff, fanst ikkje. Og Ingeborg brukte det – og andre sitat frå Wergeland.
Skulle vi ikkje ha haldi på den nasjonale æreskjensla?
Eg kan ikkje anna enn ønskje at folk i våre dagar hadde hatt like stor pedagogisk evne som Ingeborg Refling Hagen. Eg hugsar godt den kjensla av sjølvrespekt vi hadde den gongen eg var ung: Rasisme – nei takk. Slikt gjorde ein ikkje.
Så tok avisene til. Maste opp om bagatellar like fullt som om alvorlege saker. Gjorde vi det, så var det gale, og gjorde vi det så var det gale – Av og til verka det som om det viktigaste for dei var at vi ikkje skulle tru så godt om oss sjølve. Vi vart trøytte av det -vi reagerte som bygdefolka i Æsops fabel når gjætaren skreik om ulv: «Nå skrik dom att.» «Ja, hvis en skar tru alt det avisa skriv, så er det full itte anna enn drittsekker, alt i Norge. Ful best å utrydde oss allesammen — – » To ting hadde avisene dermed gjort: Dei hadde gjort oss likeglade over for ærlege varselrop, og dei hadde sytt for at vi miste æreskjensla ved å vera dei som let folk av andre rasar leva i fred.
Eg er samd med dei som set søkjelyset på avisene når det gjeld den uheldige utviklinga i Noreg. Før stod det ei æreskjensle i vegen, no vart den broten ned. Det er ikkje ufarleg å messe inn i folk at dei er noen «jævla rasistar» same kva dei gjer og ikkje gjer. Det er ikkje ufarleg å fjerne kjensla av at «vi gjer ikkje slikt.»
I enkelte tilfelle hang avisene seg så opp i småting at ein fekk kjensle av at det var ein psykopat som var i gang. Inntrykket vart ikkje svekka ved at «avsløringane» vart serverte med ein slags triumf når dei «fekk rett». Der ser de, vi er ikkje så storarta her i Noreg likevel!
Legg for øvrig merke til eit drag ved sitatet frå Kinck her ovafor: Mussolini byggjer på folks mindreverdskjensle. Hitler gjorde det same. Han maste fyrst fram ei mindreverdskjensle, hånte øldrikkande gemyttlege tyskarar og messa om korleis andre land forakta Tyskland -og SÅ hadde han open bane for å koma med sitt «botemiddel» – som var å «reinske opp» og fjerne ikkje-germanske element. Det historia her syner oss er at æreskjensle kan vera bolverk mot rasisme -mindreverdskjensla opnar for rasisme.
Eg ser det slik at dei avisene som for all pris ville måle opp biletet av det norske folk som utprega rasistiske, har litt av ei syndeskuld å svara for no. Og eg er redd at dei vil dytte frå seg den syndeskulda. Nazistane la skulda på jødane for alt mogleg, sume av avisene våre har alt lenge bygd opp til at det er norske bønder eller «bygdeNoreg» som skal ha skulda for alt som er skeivt i vårt samfunn. Og dug ikkje det, grip dei til dei diktarane som gav folk styrke i motstandskampen under krigen – t.d. gamle fader Bjørnson. Sjølvgransking og syndsvedkjenning er nok ikkje å vente der i garden.
Kvifor og korleis?
I dei mange åra som har gått sidan Ingeborg «spela» ein fascistisk/nazistisk leiar for meg, har eg lesi mykje om nazismen. Både direkte skildringar av det som har skjedd og filosoferingar om kvifor det kunne skje.
Det seier seg sjølv at nett spørsmåla KVIFOR og KORLEIS er dei mest brennande i samanhengen. Det finst dei som har skrivi kjempebøker om det – og det som er leitt er berre at ein del av teoriane blir effektivt motsagt av livet sjølv.
Det har t.d. vori folk som har trudd at dersom ein berre aldri sette opp moralske krav for ungar, så skulle dei vekse opp til lyse og glade menneske som aldri kunne opptre brutalt overfor andre. Når ein møter ungar som aldri har møtt moralske krav, blir ein raskt kurert for ein slik teori.
Så var det dei som sette frie kjønnslege forhold opp som viktige delar av kampen mot nazismen. Berre så leitt at historia fortel at nett slike forhold var med på å «berede grunnen» for nazismen. Som Torborg Nedreaas ein gong seinare skreiv: «Men oppløsning stanser ikke reaksjonen. Snarere gir den de farligste krefter billige våpen i hendene, og sprenger framskrittets frontlinjer.»
Kva for definisjon av nazisme bygde Ingeborg på i sin motstandskamp?
Ingeborg Refling Hagen hefta seg sjeldan med å diskutere om nazismen. Det ho hadde opplevd av dei menneska ho møtte da ho var i fangenskap under krigen, var av den art at ho helst ikkje tala om det. Men avdi ho hadde stått midt oppi det, opplevd våpenet vifte mot seg og sett maktmennesket i auga, hadde ho kanskje eit så klart bilete av det det galdt at teoretiseringar og filosoferingar ikkje hadde plass.
Ho arbeidde i staden. Og ut frå hennar innsats trur eg eg kan «ekstrahere» hennar definisjon. Det er mogleg at definisjonen framleis er ufullkomen, men eg vil likevel prøve ei formulering:
Nazismen er ein samfunnssjukdom som kjem fram når menneske lever i eit åndeleg tomrom, når det ut frå det vil gjera seg sjølv til gud og alle tings sentrum, når dei dermed misser oppleving av eigen personlegdom og samstundes den samfunnsmessige felleskapskjensla som er ein del av personlegdomen.
Sagt med ord som kanskje er enklare å skjøna: Nazistane vanta kjensle av sin eigen personlegdom, og dermed også kjensle for samfunn, dei vanta nasjonalkjensle.
Så ser ein også at dei prøvde å få det dei sakna – på ein måte som verka både negativ og hysterisk.
Før eg går vidare, vil eg avgrense bruken av ordet «nazist» litt. I denne samanhengen tenkjer eg på dei sentrale nazistane, dei som drog det heile i gang. Eg tenkjer ikkje på norske medlem i NS, t.d. Ikkje avdi dei alle var skuldlause – men det er langt mellom å vera den som ljug og den som trur på løgna. Det var menneske av alle slag i NS – sume var slike at ein til og med i den heite stemninga etter krigen, fann det høveleg å bruke orda «feilslått idealisme».(1)
Det er difor eg lyt presisere at dei eg tenkjer på her og no, er Hitler o.co.
Ein kan seia at vel var Hitler eit problem – men kva med dei som trudde på han? Ja, det er sant, men når eg no konsentrerer meg om dei sentrale nazipersonane, er det ut frå tanken at dei leverer ei innstilling i rein form – så å seia eit ekstrakt av samfunnssjukdomen.
Peer Gynt og det «gyntske selv»
«Hva er det å være seg selv i grunnen?» sa Peer Gynt. Han spør om det noko seint i livet sitt. For heilt fram til da har han trudd at «det gyntske selv» er «den hele hær av ønsker, lyster og begjær.» Peer Gynt utviklar seg ut frå dette til ein internasjonal handelsmann med tvilsamme metodar – men han har dog ein ballast som gjer at han kan koma heim att og gå i rette med seg sjølv. Det er da vi får Knappestøperens replikk som så mange har gruvla over: «Å være seg selv er seg selv å døde.»
Det høyrest sprøtt ut, men når ein tenkjer på Peer Gynts opphavelege oppfatning, er meininga klar: Du kan ikkje finne fram til deg sjølv så lenge du berre konsentrerer deg om «den hele hær av ønsker, lyster og begjær». Driftene er menneskets fellesgods, trur du dette er din personlegdom, kjem du aldri lenger.
«Ønsker, lyster og begjær» – den som har opplevd ein unge rase over at han ikkje får nett det han nyss peikte på, veit kva slag krefter som kan slå seg opp når eit eller anna ønske eller begjær tittar fram og nokon seier «nei». Det er mogleg både for den vaksne som får ras-sinnet mot seg og for ungen sjølv å tru at dei kreftene som rasar i han da, er personlegdomen. I denne samanhengen opplever dei nokså glødande det som har blitt kalla «vilje til makt».
Peer Gynt verkar skuldlaus i forhold til dei førande nazistane. Dessutan har han Solveig – sjølv om han stikk av frå henne. Men når Ibsen tok opp denne mistolkinga av personlegdomen, var det nok avdi han hadde oppdaga at Europas kultur hadde lett for å ta feil nettopp der. Og det kan gå retteleg ille –
Det farlege med dette synet på personlegdom, er jo at det ikkje fører fram. Ein opplever ikkje seg sjølv som heilt og fullt menneske ved å jaga etter å få stetta driftene sine. Dermed kan det bli slik at den som ønskjer seg å vera eit sterkt menneske, må ha andre til å demonstrere at han er det. Andre må fortelja han at han er til og er sterk. Dermed har ein diktatordraumen: «La dem hate meg om de bare frykter meg.» Andre må knele for den eine, lystre blindt, går i døden for han – da fyrst kjenner han seg på sin rette plass. I eit tilfelle som Hitlers, kravde han også at folk skulle både frykte og elske han – det vart altså religion av det. Dermed fekk vi dødsannonsar der det stod at den og den «døde i troen på Adolf Hitler».
Ein ting er det vanleg å fokusere på: At Hitler sjølv etter alt ein veit ikkje var vellykka som mann. Kjønnsliv var ikkje hans sterke side – det tok han att i taleorgier. Dermed vanta han det som ofte kan verke som ballast for ein mann, nemleg å oppleva seg som fullt og heilt menneske i forhold til ei kvinne. I det forholdet opplever mannen gjerne at kvinna ser opp til han – men balansen oppstår i det at han sjølv også ser opp til henne.
Eg trur det kroppslege og det åndelege har fleire band til kvarandre enn vi plar å ville vera med på. Eg trur det er samanheng mellom det uutvikla i Hitlers personlegdom og hans mangel på evne til å leva ut eit kroppsleg forhold.
Når vi er inne på det ufullkomne i Hitlers eige kjønnsliv, er det også rett å nemne at det låg eit sterkt homoseksuelt drag i nazismen. Fyrst bygde dei SS på ei homoseksuell kjernegruppe – seinare kvitta dei seg med den, men ikkje med dyrkinga av «den STERKE mann». Menn dyrka MANNEN, menn konkurrerte seg i mellom. Samstundes som dei putta aktive homoseksuelle i konsentrasjonsleir! Det er nesten utruleg at menneske med så mange veike punkt og så mange inkonsekvensar kunne klare å halde så mange andre under sitt tyranni. Men det er vel nettopp folk med så mange veike punkt som treng å knuge andre i støvet.
Det er elles underleg slik soga stundom verkar som repetisjon av seg sjølv. Eg tenkjer på det inkonsekvente og låttlege ved det germanske idealet til nazistane. Når ein ser gamle reklameplakatar frå krigens dagar med den strålande, lyse og høgreiste helten som ser modig ut i framtida – – – når ein altså ser den typiske nazistiske reklameplakaten og held opp eit bilete av nazistyret ved sida – – -For ein kollaps, og for ein skjerande ironi! Men eg såg ein gong eit fjernsynsintervju med ein svensk nynazist i våre dagar, og det var same saka der – han var også langt frå å vera den kraftige og høgreiste, lyse germanaren –
Det er ikkje rart at notidas lærarar har skrekk for at ungane skal få mindreverdskjensle. Det er ikkje berre Kinck som har observert at dei med mindreverdskjensle er eit lett bytte for ein førar av Mussolinitype. Så det er altså ikkje rart at lærarar prøver å motarbeide den slags. Spørsmålet er berre om dei veit korleis ein motarbeider mindreverdskjensle, om dei kjenner medisinen mot den «sjuken». Kanskje slett ikkje med å minske krava for dei «svake» elevane – – –
Glimt frå ein åndeleg motstandskamp
Ingeborg Refling Hagen slost imot nazismen – både før krigen, under krigen og etter krigen. Det er lærerikt å lesa korleis ho dreiv på under krigen: Fyrst med illegal avis samstundes som ho underviste ungar – m.a. om norrøne mytar -, så, etter at ho vart arrestert, på ein heilt annan måte: Den som ville, kunne få lære om Dante, Wergeland, Shakespeare – og Cervantes!
Eg har prøvd å tenkje meg fram til korleis Ingeborg ville forklare nazismen. Eg har brukt hennar eige arbeid og ord som rettesnor. Dermed har eg sagt at nazisme spring ut av eit åndeleg tomrom. Da Ingeborg ikkje lenger kunne slåst mot nazismen med å spreie nytt frå London, gjekk ho straks over på neste frontavsnitt: Kjempe mot åndeleg tomrom i etterkrigsNoreg.
Det er klart at ein kan bruke mange sider på å presisere kva ein legg i ordet «åndsliv». Det høyrer til dei orda det kan vera vanskeleg å få definert presist nok.
I staden skal eg koma med nokre spreidde glimt av kva Ingeborg gav folk, ungar som vaksne.
Det var sjølvsagt ikkje tilfelleleg at Ingeborg Refling Hagen jobba ekstra med å lære ungar om norrøn myte under krigen. Som med alle gamle mytar ber dei med seg medmenneskeleg kunnskap som er god å ha. Men samstundes ville jo nazistane gjerne ta monopol på den gamle norrøne gudeverda også.
Hitler hadde inga spesiell interesse for mytologi – (Balder måtte no også vera lite til kar etter hans livsoppfatning) – men han ville gjerne ha religiøst kaos -for ut av det skulle så trua på Adolf Hitler stråle klar og rein – – –
Ingeborg visste at skikkeleg kunnskap i det dei gamle mytane fortalde, ville syne kor lite rett nazistane hadde til å ta monopol på dei. Dermed vart det mytesongar og mytebøker for ungar.
Det vil vera dumt å stikke under stol at ein del av Ingeborgs arbeid her vart prega av hastverk, og ei av visene ikkje ferdig p.gr.a. arrestasjonen – men pedagogikken i det er genial og mytesongane hennar har vori i flittig bruk etter krigen. Jamfør «barnas EGEN sangbok» der repertoaret er henta frå barnehagar i Oslo. Fleire av mytesongane hennar Ingeborg er representerte.
Dersom vi no går over til det andre som Ingeborg Refling Hagen jobba med under krigen: å laga ei «barnas litteraturhistorie på vers» – så er det også eit av dei opplegga som aldri vart ferdig, avdi Ingeborg vart arrestert og ikkje klarte å ta tråden opp etter krigen. Men dette er også i bruk i dag, under namnet «Låndag på skolen».
Det vil føre for langt her å syne korleis Ingeborg gjorde det, korleis ho let ungane oppleva at dei kunne få vener i bøkene, og ikkje minst at dei kunne lære av bøkene, dra konklusjonar for sitt eige liv.
Men lat oss så nemne andre verk ho meinte vi måtte kjenne. Islandske ættesoger t.d. Det finst vel knapt bøker som kan gje ein så uendeleg motvilje mot familiefeider og hemnraid. Har ein arbeidd seg gjennom nokre islandske ættesoger, så har ein opplevd nok av spenning i samband med den slags – og dessutan ikkje så lite sorg over at alle dei beste og finaste heltane absolutt skal ende livet i nokre av desse idiotiske konfliktane – – –
Det eg sjølv lærde mest hos Ingeborg, var Bibelen. Ikkje berre las vi Bibelen frå fyrste ord og langt utover, men vi laga det vi kalla «Bibelsk stamtavle» til (eit pedagogisk trekk for å lette lesinga) og ho gav meg sume tolkingsord med på vegen, som t.d.: «Moses er resultatet av to høye kulturer, den jødiske kultur og den egyptiske kultur – – -«
Lat oss så endeleg ikkje gløyme Peer Gynt. Delar av Peer Gynt vart sett opp i mange samanhengar, men også i heild. Sume suttunglærarar sette opp Peer Gynt med klassene sine. Og eg hugsar i det minste ei klasse som kom for å spela for Ingeborg.
Lat oss heller ikkje gløyme Terje Vigen med sin evigunge moral: Fyrst når du har kjempa deg gjennom hemntankane, kan du bli deg sjølv.
Når eg da nemner at dei som budde hos Ingeborg, kunne oppleva ein heil vinter med lesing av Jonas Lies romanar, at Dostojevskij var «fast gjest», at Dante var viktig og Dickens ein som kom att og att, at Victor Hugo også var av dei som vart lesi for oss ungane, ja så har eg framleis berre gjevi glimt av den åndelege rikdomen som Ingeborg strødde kring seg.
Festen på Henrik Wergelands fødselsdag
Attende til festen på Henrik Wergelands fødselsdag. At Ingeborg satsa på å laga ein folkefest av den, var resultat av hennar anti-nazistiske arbeid. Skulle ein trudd som mange trudde like etter krigen at nazismen no var død og borte, måtte det vera heilt bortinatta at Ingeborg heldt fram med festinga for Wergeland.
Sanninga var at ho ikkje berre heldt fram, men heldt fram på ein ny måte. Markblomane som ho hadde brukt før, vart bytta ut med papirblomar. Det gjorde at ein ikkje trong ribbe grøftekanter og enger for markblomar sånn ved firetida om morgonen 17. juni – men det gjorde også at Ingeborg sjølv etter kvart vart sitjande heile året med produksjon av papirblomane.
Det er ein ting som eg opplever reint symbolsk i den samanhengen: Papirblomane vart større enn markblomane -lettare å sjå på avstand. Og etter kvart vart toget så prega av papirblomane at det såg ut som ei vandrande fargeelv når ein såg det langt borte frå. Det er her eg opplever symbolikken. Nettopp da dei fleste trudde at nazismen var død, trong Ingeborg større og meir synlege blomar i toget.
Like etter krigen var ho heilt fortvila over utviklinga -særleg dette med dødsstraff. «Det er nå det er farlig,» sa ho. Militært sett var det nokså enkel tankegang: Andre hadde ofra livet – no kunne dei som var trygge under krigen og som sende andre i døden da, også ofre livet. Skulle det vera noko gale i å betala død med død?
Men Ingeborg tenkte på den åndelege føresetnaden for nazisme, og ho var redd. Ein kan ikkje drepa ein åndeleg sjukdom, ein kan ikkje skyte menneskeleg hovmot og galskap. Difor framhald av 17. junifesten, og difor dei store blomane.
I denne samanhengen fekk ungar lesa Wergelands dikt – og mange er dei som tenkjer med største takksemd attende på den tida da dei fekk stå framfor Ingeborg og lære, da dei fekk møte Wergelands ord. Ikkje så heilt få ber denne arven vidare, det er, seier dei, «av de skatter møll og rust ikke kan fortære».
Norsk skule etter krigen
Eit sørgeleg kapittel for Ingeborg Refling Hagen var det også å sjå utviklinga av norsk skule etter krigen. Ikkje minst at dei kutta ut den gamle leseboka.
«Jeg var engang på et skolestyremøte hvor man diskuterte i det vide og det brede om innføringen av en ny «lett» lesebok. Jeg bad om ordet og spurte brått: «Kunne forsamlingen rope opp de ting de husker fra sin egen lesebok?» Svarene kom med en gang: «Terje Viken.» «Lenda fra Land!» «Berre ein hund!» – Jeg sa da: «Er dere oppmerksomme på at det er disse stykkene dere vil stryke?» (Fra «Pedagogiske artikler»)
Når eg no les igjennom Torbjørn Egners lesebok, ser eg kvifor det vart som det vart. Menneska hadde levd i konstant beredskap, alvoret hadde presst seg på, og etter krigen kom avsløringane om gasskammer og slikt. Dei såg ned i dei svartaste avgrunnene i menneskesinnet.
Så orka dei ikkje meir, dei ville ha det lysare og lettare. Og så kom leseboka som fór med lett harelabb over alvor og lidenskap, men som på overflata hadde ein god og tolerant bodskap – Ein blir så lett vener i Torbjørn Egners forfattarskap, og problemstillingar der folk er usamde er berre småkrusningar på ei elles pynteleg og blank overflate.
Men sanninga er ikkje at havet støtt ligg strakt og stilt, sanninga er også nattemørker med ville bølgjer og kaos, orkanar, ishavskulde og båtar som går ned. Og det veit ungar innst inne godt. Dei treng alvor -og dei treng ikkje minst å få godkjent det alvoret som ligg i dei, få arbeidd med det som er farleg og det som er sørgeleg. Ingeborg heldt stedig og intenst fram med å servere ungar dei alvorlegaste problemstillingar –
I følgje motepedagogikk og motepsykologi like etter krigen, skulle det nettopp vera dette som var farleg – ja, enkelte påstod at det var slikt som skapte nazisme. Snart vart Ingeborg omtala nesten som ei slag trollheks som sat og seida krig og død oppe på Tangen. Ein kunne jamvel få høyre at ho var «livsfiendtleg».
Og når dei oppdaga at ho faktisk hadde «livet» som eit vesentleg motiv, og kunne skrive slikt som at «livet svikter ikke livet», så sa dei at ho var «banal». Og når ho dømde ein del av den moteriktige litteraturen som ungane fekk seg servert, nord og ne, så var ho «dømesjuk». Som ein ser: det vart klistra på namnet hennar ein serie merkelappar som var gode å ta til når folk ikkje lenger orka alvoret. Av og til verka det som dei klistra det på henne i eit slags sjølvforsvar eller ein slags panikk.
Merkelappane plaga dei som var glade i Ingeborg meir enn dei plaga henne. Ho hadde jo ein god porsjon humoristisk sans, og den som har sett auga hennar når dei tindra skøy og munnen sa at «Ja, det er fælt så farlig jeg er,» veit litt om kor solid den var den botnen ho bygde på. Ho hadde råd til skøy med eigen person – for det ho elles slost for, var så stort. Det var dessutan viktigare å nå ungane og halde fram med motstand mot nazismen enn det var å forsvara si eiga ære.
Ei slags teoretisk forklaring
Lat meg da avslutte med ei slags forklaring på ein del av Ingeborg Refling Hagens virke. Eg vil, før eg kjem med dette, leggje vekt på at ho sjølv også uttrykte ting om pedagogikk, stundom i samarbeid med andre og stundom aleine, og det er absolutt noko å ta med seg. Men for meg, som var – og er – oppteken av hennar måte å slåst mot nazismen på, er det som no kjem ein forklaringsmodell eg gjerne bruker, og eg hentar bilete frå biologien.
Det var nemleg slik at eg ein gong var på eit soppkurs med universitetstilsnitt. Der måtte vi sjølvsagt lære om soppgifter. Og da var det eg fekk med meg noko som gjorde at eg straks tenkte på Ingeborg og hennar skepsis til ein del av det som vart servert ungar i femti, seksti og syttiåra.
Dei farlegaste soppgiftene vi har, er nemleg dei som liknar stoff som er viktige i kroppen i så stor grad at dei kan ta plassen desse stoffa skal ha utan å kunne gjera same jobb.
Dei fleste i våre dagar har kanskje set korleis molekyl blir «teikna» – Ein har symbol på ulike grunnstoff og grunnstoffsamansetjingar, og så set ein opp eit slags mønster på korleis desse gruppene er kjeda saman i eit spesielt stoff. Atom og atomgrupper er byggjesteinar, men det er ikkje likegyldige korleis desse blir sett saman.
Eg har diverre ikkje lenger den teikninga vi teikna opp på kurset(2), så eg må berre ta eit døme ut frå lufta. Eg går da ut frå ein sekskanta ring. Det står ein del bokstavar i ringen, og det er teikna strekar i mellom. Men det strekk seg òg nokre strekar ut frå ringen. Der står det også bokstavar – – –
Så er det ein strek det ikkje står noko på – — ein «laus» arm.
Når ein talar om stoff som «liknar» andre, kan det vera berre slike små detaljar som at den «lause» armen er på galen plass. Eller sagt på anna vis: At ein av byggjesteinane i molekylet har flytta seg ein plass.
På det nyttige stoffet som du treng i kroppen, sit ein av komponentane på ein spesiell plass – lat oss seia: på den øvste armen. Under der er det ein «laus» arm. Det giftige stoffet har same komponentar, men den eine byggjesteinen sit no der det førre stoffet hadde den «lause» armen. Dermed er den lause armen også på annan stad. Slike elendige små detaljar kan avgjera liv og død for mennesket! Eg har ofte undrast på om dette forklarer kvifor vi ofte finn dei mest nyttige og dei farlegaste plantene i same plantefamilie — –
Så over på det kulturelle og åndelege området: Eg trur eg forklarer Ingeborgs innstilling heilt presist når eg seier atbyggjesteinane i den litteraturen vi ga ungane, måtte vera på rett plass og i rett samanheng for at sjela skulle ha godt av det.
Lat oss t.d. ta spenningsbøker. Ingeborg las om Jean Valjean for meg da eg var lita, og det var ingen tvil om at boka var spennande. Men den var ikkje spennande for å vera spennande, den var spennande avdi menneskelivet i grunnen er dramatisk. Og for no å bruke molekylsymbolikk att: Spenningsbyggjesteinen var kjeda saman med medmenneskeleg innstilling, alvor og historisk kunnskap. Da kunne eg få høyre om vald og drap og kynisme utan at sjela mi fekk skade av det,
spenningsbyggjesteinen i boka var på rett plass.
Når ungar seier at bøker er «spennande» meiner dei ofte noko anna enn vaksne. Dei meiner at boka engasjerer. Men vaksne mistolka ordet, og gav ungane bøker som var «spennende og lettleste». Og ettersom dei ikkje støtt hadde gåver nok til å skapa nye bøker frå botnen av, så fjerna dei alvorsbyggjesteinen, kunnskapsbyggjesteinen, medmenneskeleg engasjement og moral frå kjende og kjære bøker og serverte restane til ungane.
Så fekk vi «onkel Tom» som ein lapskaus av kjensler og spenning utan samfunnsdebatten ved sida, utan forankringa i ein spesiell historisk røyndom, utan det fargerike og varierte persongalleriet, utan det djupe alvoret i det religiøse engasjementet, utan markering av ulike religiøse innstillingar. Så fekk vi «Ivanhoe» som var så barbert at folk no for tida trur den er prototypen på antisemittisk litteratur, medan den opphavelege boka syner at forfattaren har arbeidd med problemet at når to folkegupper står mot kvarandre, finn dei gjerne ei tredje dei båe kan la det gå ut over. Kor rettslaus jøden Isak er, kjem klart fram i den opphavelege «Ivanhoe» – seinare har dei nok berre fått presentert hans krampaktige innstilling til pengane sine – eit naturleg resultat av at han ikkje får plass i samfunnet utan som pengeutlånar til dei store. Boka er lagt til året 1194, men problemstillinga er tidlaus, og eg kan godt tenkje meg at Walter Scott har funni noko av emnet i si eiga samtid, og så lagt det til Rikard Løvehjertes tid avdi det var eit brennbart emne.
I det eine tilfellet etter det andre finn ein etterkrigstidas redsle for alvor att i dei barberte «klassikarutgåvene» ungane fekk. Til slutt verkar det som om dei vaksne heller ikkje kan lesa og oppfatte det som står i ei bok. Eller er det dei ungane som har blitt fôra med forkorta og «lettleste» bøker som har blitt vaksne og syner at dei ikkje kan lesa bøker? Eg vil nemne eitt døme av mange: I eit føreord til ei «ungdomsutgåve» av «To byer» stod det om Dickens: «Guillotinen var for Dickens en avgjort ubritisk institusjon. Den drev ham inn i en karakteristisk grotesk patriotisme. I likhet med de fleste jevne victorianere, som han kjente så inderlig vel, hadde han lite til overs for utlendinger. De utenlandske typene i hans fortellinger er alltid noen skurker – – -» (her kjem det enkelte døme).
Dette servert som føreord i ei bok der tre av heltane er franske! Kva går det eigenleg av han eller ho som skreiv dette føreordet? Dersom vedkomande ikkje har gjevi seg ut på å karakterisere ein forfattar han ikkje har lesi bøker av, må eg kalle det for «skjønnlitterær analfabetisme». Den «groteske» patriotismen har eg aldri funni i Dickens bøker – han som i den eine boka etter den andre har kritisert sitt eige land både intenst og kraftig. Og – fantastisk nok: Den eine utanlandske skurken som blir nemnt som døme, har ein like utanlandsk «kamerat» som er udelt sympatisk!
Når ein så tenkjer over kor utbreidt vankunna og den skjønnlitterære analfabetismen må vera når slikt kan koma på trykk og bli rekna for seriøst! Da tenkjer eg at kvifor lytta dei ikkje til åtvaringane frå Ingeborg Refling Hagen?
Men da dei etter krigen kutta ut den ekte litteraturen og alvoret frå barnebøkene, førde dei mange fine teoriar i marka. Dei hadde endeleg blitt pedagogar, fekk vi høyre – den som hadde laga den gamle leseboka, var ikkje det. Sa dei.
Same kva dei kalla seg eller ikkje, etterkrigstidas pedagogikk har på enkelte felt synt seg å vera ein stor fiasko. Og det å tru at ein kunne motverke nazisme med å servere ungar spenning utan medmenneskeleg alvor ved sida, det er så naivt at eg skjønar ikkje at vaksne menneske kunne gå god for det.
Ingeborg Refling Hagen og fhv. NS-medlem
I det siste har det komi fram ein del om kor vondt det har vori for ungar av NS-folk å bli mobba for det. No er det slett ikkje berre dei ungane som har blitt mobba i den norske skulen, og også her kan det bli farleg grunt og lettvint når avisene tek opp saka. Men spørsmålet ligg nær ved: Kva med eit menneske som Ingeborg Refling Hagen, ho som sjølv heldt fram i kampen frå krigens dagar etter krigen, korleis stilte ho seg?
Til det er berre å seia: Både folk som sjølv hadde vori i NS og folk som ætta etter slike folk, har vori på Fredheim utan at det vart gjort noko spesielt ut av det. Ingeborg tok imot alle som kom, og av dei som budde hos henne, var det folk som hadde forfedrer som hadde vori i NS. Det var det nok likevel få som visste. Det vart nemleg ikkje tala om, ikkje gjort til «sak» i det heile teki. Like lite som Ingeborg gjorde det allment kjent om ho hadde teki imot ein eller annan ungdom for å berge vedkomande frå hasjmiljøet, like lite gjorde ho det kjent kva slag politisk plassering forfedrene til ungdomane hadde.
Så Ingeborg ville vera den fyrste til å hugse at nye generasjonar ikkje skal bli vurderte ut frå foreldre og besteforeldre. Dei fekk sin sjanse hos henne utan å vera «stempla» i utgangspunktet.
På ei anna side var det nok ikkje støtt at fhv. NS-folk gjorde det same overfor Ingeborg. Ingeborg, som hadde vori krigshelt, vart etter krigen skuva ut i periferien, vart låttleggjort og motarbeidd. I sume tilfelle har det etterpå komi fram at noko av motarbeidinga kom frå folk som hadde NS-bakgrunn. Men ingen har forska i kor mykje, og Ingeborg ville vera den siste til å prøve å finne ut av det.
Men når Ingeborg ein gong fekk ein telefon der ein kar knurra: «Reiser du hue att nå?», og det samstundes gjekk føre seg ein debatt om ein naziforfattar i avisa (ein debatt som Ingeborg for øvrig ikkje var med i), så vart det eit stort spørsmål for Ingeborgs medarbeidarar: Kan det verkeleg vera at sume av dei førre nazistane ser det slik at dei har sigra på henne med usynleggjeringa etter krigen, slik at dei kan ringe og seia slik berre det blir debatt om ein naziforfattar i avisa?
Slike ting som dette kunne Ingeborg for øvrig dårleg klare. Ho fekk hjartebank og vanskar med å sova når det hende.
Ein ting er for øvrig heilt soleklart: Om det har komi fram at sume av dei førre NS-medlemene motarbeidde Ingeborg etter krigen, så kom også ein stor del av motarbeidinga frå dei som hadde vori på same side.
Etter kvart måtte folk som kjende Ingeborg vera budd på å møte dei mest horrible soger om henne. Og ein måtte berre vera takksam om ein slepte unna dei mest fantasifulle og simple variantane, ein måtte prise seg lykkeleg om det kunne vera nokolunde sakleg tone på det. Men akk – også det som prøvde å halde sakleg tone, æste av vankunne. Folk som underviste i pedagogikk, passte på å «vaksinere» elevane mot henne – dei postulerte at slik Ingeborg Refling Hagen dreiv det, slikt gjekk berre ikkje an. Og enkelte fortalde at – vel kunne ho syne til gode resultat, men det var likefullt gal pedagogikk! Dei fleste som tala slik hadde det sams at dei ikkje kunne fortelja kva Ingeborgs pedagogikk var i det heile teki.(3)
Det har kanskje av og til slegi folk at Ingeborg Refling Hagen sjølv gjorde lite til å «reinvaske» seg. Delvis var det vel ei innstilling til sladder overhode: «Jo mer en roter i dynga, dess mer lukter det,» hugsar eg ho sa ein gong. Delvis var ho vel klar over at sumt rett og slett drog næring av sjalusi. Jamvel dei som hadde vori på same side som Ingeborg kunne hyse sjalusi over at ho hadde komi ut av krigen som krigshelt. Og når Ingeborgs varme og medmenneskelege innstilling gjorde at folk lett vart glade i henne, vart det ikkje mindre sjalusi av det.
Nokre sluttord
Eg kalla denne artikkelen «Da Ingeborg Refling Hagen skulle kjempe mot nazismen, laga ho mellom anna fest på Henrik Wergelands fødselsdag.» Det har vonleg gått fram av artikkelen at «mellom anna» er eit par viktige ord i samanhengen -ho laga for all del ikkje berre den festen.
Det er også mange andre sider av arbeidet hennar som ikkje har komi med – forlag og teater t.d. Og eg har fortalt lite om hennar opplevingar i fangenskap under krigen. I den samanhengen vil eg vise til sjølvbiografien. Ho likte elles dårleg å måtte fortelja frå krigen att – som mange andre hadde ho vondt for å ta fram att det som skjedde da, men heldigvis ville både forleggjar og familie at ho skulle gjera det, og så tok ho opp også denne tida i livet sitt. Det var jo ei tid som hadde sett djupe spor.
Men når eg fokuserer på 17. juni festen, er det avdi det står for meg som så karakteristisk. Så typisk Ingeborg! Ut frå redsla for undergrunnsgufset frå Europa, skaper ho ein blomefest, og når ho har sett døden i auga og opplever at samfunnet slett ikkje har komi uskadd frå møtet med nazismen, skaper ho enda større og meir synlege blomar.
Det var enkelte i etterkrigstida som meinte at det var brotsverk dersom diktarar song om blomar. Dei skulle fokusere på alle brotsverka menneska gjorde, på krig og død og forurensing. Da var det ein annan diktar enn Ingeborg som svara -det var Hans Børli:
De gyldige ord i dag
har en lukt av lik.
Nevner du ordet blomster
kjennes det som svik.
Likevel: Blomstene gror
som før på vår arrete jord.
Og går vi forbi dem uten å se,
tjener vi neppe livet med det.
Børli har så rett. Og Ingeborg som hadde opplevd eit mørker som mange i den trygge etterkrigstida ikkje kunne tenkje seg inn i, ho laga blomar. Fingrane leikte seg raskt mellom krepp-papiret medan heile andletet fortalde om konsentrasjon og viljestyrke. 17. juni toget var nok eit pedagogisk verkemiddel, men det var også eit kunstverk.(4) Eit kunstverk som – til liks med mennesket sjølv og all kultur – voks rotlaust på lange røter –
Og om Ingeborg hadde lært mykje om fargar av Nicolai Astrup og andre kunstnarvener, og om Ingeborg hadde sett fargeglade opptog på Sicilia, så går i det minste ei av røtene heilt ned i barndomen da mora tok henne med på skogstur.
«Linnea på en stubbe hvor vi hvilte. Søndagsskoletur og store hvite vannliljer.
Vannliljer var et mektig, farlig vidunderlig deilig hvitt ord. Vannliljer som lyste i myriader bortetter et svart vann. Når de sang i kirken «Den store hvite flokk vi se», da så jeg dette synet av vannliljer.»
Som ein ser: Naturoppleving og salmeord. Barndom for ein som ikkje berre sette livet inn da det vart kravd, men som brukte livet til å slåst for verdiar som kunne demme opp for nazismen.
1. . Jamfør også Jul Haganæs» bok «Om det koster deg livet» s. 38.: «Odd Hodne og Norvald Thorshaug fortsetter flukten etter kampen i Tapptjerndalen. – – – De er framme ved Storevatnet, og her må de ha båt for å komme videre.
Da skjer det noe underlig. De treffer en kar som er villig til å ro dem over vatnet. Men denne mannen er ikke ukjent for dem, og de vet at han hører til i NS!
Odd Hodne vurderer situasjonen. Kaldt og rolig. Men han kjenner denne mannen såpass godt at han bestemmer seg for å ta sjansen.
Mannen ror dem over Storevatnet. Og senere får Odd og Norvald ingen problemer som kan føres tilbake til denne karen. Så han har ikke sagt noe.»
2. Eg sende eit brev til nyttevekstforeninga og la ved det eg hadde skrivi her. Eg fekk ikkje noka molekylteikning til svar, (dei er også ofte ganske mykje av eit virrvarr for ein lekmann), men eg fekk følgjande kommentar: «Det du meiner er heilt sikkert soppgifter som kan «herme» transmittorsubstansar i nervesystemet, men som ikkje kan brytast ned av kroppen sine enzym. Såkalla transmittorsubstansar sørger for at impulsar går frå nervecelle til nervecelle over synapsane. Muskarin hermer acetylkolin, psilocybin hermer serotonin, muskazon hermer gamma-amino-smørsyre. Her er snakk om små endringer i molekylstruktur.»
3. . I enkelte tilfelle ser det ut som ei naturlov at di meir hysterisk ei løgn er, di meir trur folk på ho. Den seige fordomen som folk held i live og held i live om at Ingeborg Refling Hagen skulle forby folk å lesa anna enn Wergeland og Kinck, er eit merkeleg fenomen som ingen til denne dag har funni kjelda til.
4. Ingeborg kunne forresten seia slikt som at «kunst er pedagogikk» – og eg tolka det slik: Kunst sender ein bodskap frå eit menneske til eit anna. Det er altså ikkje heilt i Ingeborgs ånd å seia at 17. juni-toget var eit pedagogisk verkemiddel men det var også eit kunstverk. Da eg formulerte dette, var eg kanskje noko influert av vår tid som ofte kan servere stygge ting for ungane og kalle det pedagogikk. Eg nyttar høvet til å presisere at det var sjølvsagt for Ingeborg at eit pedagogisk verkemiddel skulle vera vakkert – – – jamfør skulane ho har fått dekorert.